Briller

Kvalitetsbriller tilpassa deg

Me ønskjer å levera kvalitetsprodukt tilpassa deg og ditt syn.

Alle våre briller er handplukka, og me fyller stadig på med nyheiter. Me veit at ikkje to ansikt er like og målet vårt er at små og store, lyse og mørke skal finna briller i vårt utval. Enten stilen din er moderne eller klassisk håpar me du skal finna din favoritt hjå oss. Har du spesielle ønskjer strekk me oss langt for og skaffa det me måtte mangla.

Våre minste kundar skal finne eit stort utval innfatningar i sterke kvalitetar som passar til leik og læring. Det er viktig for oss at både barn og foreldre er trygge under synsundersøkinga, og at me saman finn den beste løysinga for ditt barn.

Me tilpasser

  • briller
  • progressive briller
  • databriller
  • vernebriller
  • solbriller
  • filterbriller

 

Når du har funne den beste innfatninga til deg og ditt bruk hjelper me deg å finne glas. Me har eit stort utval brilleglas i ulike prisgrupper, og gode verktøy til å illustrere forskjellane mellom dei ulike produkta.

Vår nyaste investering er DNEye skanner. Dette er ei maskin som ved hjelp av meir enn 4500 målepunkt i auget byggjer ein biometrisk modell av auget ditt. Denne dannar grunnlaget for at glaset vert bygd til ditt auge. På den måten er glaset unikt tilpassa deg og ditt syn.

Samanlikna med standard brilleglass gjer dette at du får:

  • optimalt syn i alle blikkretningar
  • større synsfelt
  • skarpare kontrastar
  • dynamiske og naturlege synsintrykk
  • betre nattsyn

 

_DSC5265  Kopi.jpg