Alver Optikk tilbyr eit bredt utval briller og kontaktlinser. Me brenn for høg kvalitet og er glade for å kunne tilby deg dei beste synshjelpemidla markedet kan levera. Hjå oss får du tak i alt frå rimelege løysingar til meir avanserte produkt. Butikken vår er lokalisert i Knarvik, men utsyret vårt er flyttbart. Godt syn er viktig for alle, i alle livets fasar. Me veit at det ikkje er mogleg for alle å komma til butikken, og me har difor høve til å komma til sjukeheimar og institusjonar etter avtale. Ved behov henviser me til augelege.
Hverdager: | 09:00-16:00 |
Torsdag: | 9:00-18:00 |
Lørdag: | Partalsveker 10:00-15:00 |
ragnhild@alveroptikk.no
56992636
Ragnhild vart ferdig utdanna optikar i 2005 og har undersøkt mange auger. Ho interesserer seg for heilheten i optikken og legg vekt på å kartlegge problemet for å løyse det. Den beste løysinga for deg finn me saman. Ragnhild har etterutdanning innan kontaktlinser, diagnostiske medikament, tørre auger og syn/dysleksi. Mange brukar i dag mykje tid framfor skjerm, og Ragnhild vil gjerne finne den løysinga som gir deg best synskomfort gjennom heile dagen.
irene@alveroptikk.no
56992636
Irene vart ferdig utdanna optikar i 2009, og har etter dette vidareutdanna seg innan blant anna kontaktlinser. Ho har brei erfaring på synsprøverommet, og trivst godt med å undersøke barn. Som optikar har ein gleda av å tilrettelegga for alle livets situasjonar, og det er kun kreativiteten som kan stoppa ein. Irene brenn for å finne den mest praktiske løysinga for akkurat deg, om det skal vere briller eller kontaktlinser, eller ein god kombinasjon av begge deler.